SOSIAL WEB I SKULEN OG LÆRINGSPOTENSIALE
Når ein tek eit studium som dette (IKT i læringsarbeid) vert ein ofte motivert til å ta det
ein heldt på med med seg inn i klasserommet i håp om å skapa betre læring hjå
elevane. Men er det no slik at ein aukar potensialet for læring ved å ta i bruk "sosial
web" (e-post, MSN, Facebook, mob.tlf, blogger osv) i skulen?
Den canadiske forskaren Michael Wesch ser positivt på "sosial web" og meiner det er
avgjerande for framtida å ta dette i bruk. Den britiske forskaren Neil Selwyn er derimot
meir kritisk til verdien av "sosial web" brukt i læring og skulesamanheng.
Eg vil her sjå litt nærare på desse to ulike syna med vekt på potensiale for læring i
"sosial web".
Syn på læring.
Wesch hevdar eit sosiokulturelt læringssyn med utgangspunkt i Vygotsky sine tankar.
Han hevdar at elevane og studentane i skulen i dag ikkje ser skulen og den
undervisninga dei får der som relevant. Dei finn ikkje meining eller nytte i den
undervisninga dei får. Dei reproduserer kunnskap, les for å stå på prøvar og er mest av
alt opptekne av pensum, og ikkje læring. Den formelle læringa som består av
"reproduksjon av kjent kunnskap frå lærar og til elev hindrar kreativitet og ny utvikling
og forståing".
Wesch hevdar vidare at ei omlegging frå denne formelle læringa(vert her definert som det som skjer i organisert form i ein utdanningsinstitusjon) til den meir uformelle
læringa ein finn i sosial web er avgjerande for om vi skal klara å løysa dei problema og
utfordringane verda står ovanfor. Han hevdar blant anna at "ny kunnskap vert skapt i
samhandling mellom likemenn i eit sosialt fellesskap som f eks sosial web". Det er viktig
at "skulen ikkje lukkar seg inne og vert ein arena utan samhandling med andre".
Selwyn sit læringssyn går meir i retning av dei kognitive læringsteoriane . Han er opptatt
av den formelle læringa og viktigheita av målformuleringar og undervisningsmål for å
styre undervisninga. I bunnen må læreplanar og pensum styre aktiviteten. Her er
kunnskap, etter kognitive læringsteoriar ,noko "fast som skal overførast frå for
eksempel lærar til elev, og den skal lagrast og bearbeidast av eleven". Motivasjonen
"avheng av dei tankane eleven har om seg sjølv, evnene sine og kva han får att for å nå
måla". Selwyn hevdar at det ikkje er nok forsking som støttar teoriar om at sosial web er
nyttigare enn andre verktøy for å skapa læring. Han er og kritisk til å å ta den sosiale
web inn i skulen då han hevdar det er store mogelegheitar for at elevane vil vere kritisk
til det.
Ulik oppfatning
Her ser ein klart at dei to forskarane har ulik oppfatning av potensiale for læring i "sosial
web". Wesch hevdar at reproduksjon av fast (formell)kunnskap ikkje vil vera nok i
framtida. Ny kunnskap må skapast for å løysa nye oppgåver og problem, og dette kan
ein få til ved å bruka "sosial web". Selwyn argumenterer for at ein ikkje kan gå bort frå
læraren og læreplanane som viktige element i formidlinga og overføring av kunnskap.
Han hevdar og at mål for undervisninga må vera med slik at ein veit kvar ein skal.
Eigne tankar om emne
Det er ikkje lett å velja kva veg ein skal ta og kanskje skal ein ikkje velja anten eller,
men ta det beste frå begge kunnskapssyn. Eg meiner ein med fordel kan ha mål for læringa,læreplanar og den formelle kunnskapen i botn og så ta i bruk den nye digitale
teknologien for å skapa ny og endå betre læring.
Kjelder:
ITU (2008) Har sosial web et utdanningspotensial? [Internett] Tilgjengeleg på: http://www.itu.no/Nyheter/1224493677.04 [Lasta 12. januar 2009]
ITU (2008) Social networking and education: a critical perspective [Internett] Tilgjengeleg på:
http://www.itu.no/filearchive/neil_selwyn_oslo.pdf [Lasta 12. januar 2009]
OECD (2007), Web 2.0 applications as alternative environments for informal learning - a critical
review [Internett] Tilgjengeleg på: http://www.oecd.org/dataoecd/32/3/39458556.pdf [Lasta 12. januar 2009]
Canadian Education Association (2008), Michael Wesch - Anti-teaching: Confronting the crisis of
significance, Canada, [Internett] Tilgjengeleg på: http://www.cea-ace.ca/media/en/AntiTeaching_Spring08.pdf [Lasta 12. januar 2009]
M. Wesch (2008) A Portal to Media Literacy by Michael Wesch [Internett] Tilgjengeleg på:
http://www.youtube.com/watch?v=J4yApagnr0s [Lasta 12. januar 2009]
måndag 26. januar 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Eg er einig med deg i di betraktning. Som lærar må me ha måla i botn og sjølvsagt den formelle kunnskapen, men kva metodar me nyttar for å nå desse måla må kunna vera opp til kvar enkelt lærar. For nokre vil det vera unaturleg og ein vil føla seg brydd og stiv ved ein metode, medan ein annan fell heilt naturleg. Det viktigaste er at ein gjer tinga slik ein føler seg kompetent til og komfortabel med. Då brenn me for det me held på med og det igjen vil gjera elevane meir motivert for læring.
SvarSlettEg kan enno hugsa ein lærar eg hadde ved NLA i Bergen. Han gjennomførte alle timane sine berre ved å stå og prata utan eit einaste notat. Trur nesten ikkje han skreiv på tavla i det heile, berre stod vendt mot oss studentar og prata, prata. Dette høyres kanskje keisamt ut, men eg har aldri hatt ein lærar som har vore så interessann og formidla kunnskapane sine på ein så interessann måte. Eg lærte enormt av han.
Vel han hadde ikkje nymotens utstyr, hadde vel ikkje anna enn seg sjølv og kleda han gjekk i, hadde ikkje bok ein gong, men me lærte altså. Det seier meg noko om at me formidlar kunnskapane best slik me føler oss mest komfortabel og slik me meiner er interessant. Likevel meiner eg at me ikkje skal vera redde for å fornya oss og hengja med i den rivande teknologiske utviklinga, men det er ikkje det som er det viktigaste. Det viktigaste er at me som lærar finn oss til rette med og føler oss komfortabel med det nye. Då vil me kunna nytta det til å formida kunnskap på ein god måte. Me må ikkje vera redde for å læra nye ting, men no er jo me på god veg til det. Gro V