
Comic life som dokumentasjonsverktøy:
Comic life er eit verktøy for tekstskaping i teikneseriesjangeren. Eg har sett litt på programmet og vil her koma med nokre tankar om korleis ein kan nytta det som verktøy for å nå nokre av læringsmåla i L06. Eg jobbar med elevar på 5.-7. klasse og refleksjonane her er derfor retta mot det nivået.
Her viser eg eit døme på programmet brukt som eit dokumentasjonsverktøy i Kunst & Handverk. Eg vil først gje nokre teoretisk døme på korleis eg meiner ein kan bruke det i nokre andre fag og.
Læring av omgrep
Her ser eg for meg at ein i alle fag kan kombinera bilete og tekst i "snakkebobblene" til innlæring av omgrep. Det kan vera gloser i ulike språkfag som får innhald ved at teksten i "bobbla" viser rett skrivemåte. I matematikk kan ein gje fagspråket innhald ved å visa ein illustrasjon av det omgrepet skal dekkja. Slik kan ein, så langt fantasien rekk, og gjera med omgrepslæring i andre fag.
Forteljingar
Kvifor ikkje la elevane fortelja frå skeisedagen i Comic Life? "Det var plutseleg morosamt å fortelja kva som hadde skjedd på turen", sa ein elev då me prøvde ut dette etter ein dag på skeiser.
Dokumentasjon av ulike prosessar
På skulen vår satsar me på "mapper" der elevane viser fram arbeid dei har gjort i ulike fag. Det kan vera skrifteleg arbeid, teikningar, testar osb. I den forbindelse er dokumentasjon av ulike prosessar i Kunst& Handverk ei utfordring. Me har tidlegare nytta program som PP/Impress til å vise arbeidsgongen og for å dokumentere prosessen. Desse dokumenta skal forutan å dokumentera eige arbeid og kunna nyttast av andre når dei skal laga same tingen. Elevane tek bilete, video, viser til rettleiingar på nettet eller teiknar og skriv om prosessen. Det er her bruken av Comic Life kan integrerast. For å "modellere" eit døme til elevane laga eg eit
eksempelet der eg la inn nokre bilete eg tok då elevane hadde juleverkstad. . Elevane "tok" ideen med ein gong.
Til denne aktiviteten knyttar me og bruken av scanner, fotoapparat og handsaming av bilete i eige program.
Alle desse aktivitetane finn me som punkter i dei grunnleggjande ferdigheitane i faget kunst og handverk. Under punket "Å kunne bruke digitale verktøy" er det formulert slik: ".. for selv å produsere informasjon i tekst og bilder. ... Multimedier inngår i presentasjon av egne og andres arbeid".
Aldeles einig med deg i det du skriv her. Eg har hatt positiv oppleving med å bruka programmet sjølv. Har tenkt å ta det i bruk i 10.klasse snart (når sjukemeldinga går ut)Det skal verta spanande å prøva det med elevane. Gjenstår litt arbeid rundt planlegging, og eg er ikkje viss på kor mykje tid ein skal bruka endå. Må diskuterast litt på teamet, men dette blir nok bra.
SvarSlettEg ser at det vil vera eit program me kan bruka på alle stega i større eller mindre grad.Dessutan er det fantasien vår som sit grenser for korleis me kan bruka det, og i kva for nokre fag. eg trur me kan gje elevane ny motivasjon der det trengs.
Vidare trur eg dette ville vera eit bra program for dei med lese og skrivevanskar. tenk berre kor flotte 2stilar" dei kan levera ved å få bruka eit slikt program. Dei kan fortelja ei heil historie, dei, på denne måten. meistringsfølelsen vil truleg gjera dei godt, meir sjølvtillit og vellukka dagar. gro