måndag 27. april 2009

Film og geotagging frå Hellas

Øyhopping i Hellas
Her kan du vera med på ei lita rundreise i Kykladene utanfor Hellas. Serien er laga for å illustrera korleis ein kan nytta "geotagging" (geografisk plassering ) av bilete. I dag kan ein få kjøpt kamera og mobiltelefonar der denne funksjon, visning av geografiske koordinatar er bygd inn i ein GPS-funksjon. For dei som ikkje har desse funksjonane kan ein oppnå mykje av det same ved å merka/plassera bilete ein har teke i ettertid. Dette kan ein blant anna gjere slik eg har vist i lenkja som ligg i overskrifta.

Film
Ein annan funksjon i Picasa som kan vera morosam, både til privat bruk og i skulen, ser du i lenkja i denne overskrifta. Her har eg laga ein "film" av bileta og lagt inn musikk som er frå området. Merk at musikken er henta frå Multimediabasen. Med dette verktøyet kan ein gjera mykje av det ein og kan i Photostory. Dersom ein jobbar med Picasa nettalbum, geotagging og likn. kan dette vera eit greitt alternativ til Photostory. Men eg tykkjer Photostory, som eit forteljarverktøy i storskulen (5.-7.klasse) har vidare bruksområde. Det kan nyttast i fleire fag og dersom geotagging ikkje er avgjerande for innhaldet klarar Photstory seg godt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar