måndag 27. april 2009

Bridge Construction Set


I dette programmet skal ein byggja bruer av ulike typar og med ulike materiale. Målet er å byggja ei bru innanfor ei oppgitt kostnadsramma. Det er og laga ein testmodul der brua vert styrketesta.
Programmet er underhaldande og ein vert lett rive med i byggjeprosessen. Her ser du eit forsøk på nivå tre til kr. 6911,-, som gjekk gjennom styrketesten.
Dette er eit program som kan nyttast heilt ned i 5.-7.klasse. Faga Kunst & Handverk og Matematikk vil vera aktuelle basisfag.

Brubygging på pc eller i røynda?
Sjølv om dette programmet kan vera eit interessant verktøy å nytta i skulen vil eg her visa til andre måtar å jobba med eit slikt tema på. I temaheftet "Bærende konstruksjoner" frå Teknologi i skolen (RENATEsenteret) legg ein opp til praktisk bygging av bruer i ulikt materiale. Ein startar gjerne inne der ein bygger modellbruer i ulikt materiale. Etter at modellane og teoriane er introdusert inne går ein ut og byggjer bruer over bekkar og liknande.
Liknande opplegg finn ein og i "Treveven" der ein skal bygga bruer av fyrstikker, spaghetti og trepinnar.

Pc er eit godt hjelpemiddel i fleire samanhengar, men eg føler vel at det innanfor eit slikt tema ikkje er det første eg ville valgt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar